- Vi vil setje av tid til å spreie godheit fordi vi trur at små ting gjort i kjærleik kan forandre verda!
- Godheitsaksjonen 2020 vert tre ettermiddagar i mai - kvar dag kl. 17.00-20.00.
Vi vil nytte tre dagar i mai for å vere med å spreie glede for å gjere verda til ein betre stad, seier dei ansvarlege for Aksjon Godheit 2020 frå kyrkjelydane Saron, Metodistane, Fjell, Foldnes og Landro. Tre ettermiddagar i mai tilbyr vi gratis assistanse med oppgåver som til dømes husmaling, husvask utandørs og innandørs, plenklipping, hekkeklipping, sykkelverkstad, bilvaskestasjon, montering av hagemøblar, rydding i hagen og liknande praktiske oppgåver.
Vi vil prioritere hjelp til eldre menneske, einslege forsørgjarar og innvandrarar, men også andre kan melde inn ønskja sine. Dette gjer ein ganske enkelt ved å sende ein e-post til godheitfjell@gmail.com eller ved å ta ein telefon til kyrkjekontoret på nummer 5509 7440.
Viss du kan tenkje deg å delta som medhjelpar på Aksjon Godheit 2020, kan du melde deg på på same måten - anten via e-post til godheitfjell@gmail.com eller på telefon 5509 7440.
I dagens situasjon er vi usikre på korleis vi skal gjere det, men du kom med gode idéar som vi tek med oss i planlegginga.
Berre ta kontakt på 920 44 587 viss det skulle vere noko!